Hvitserk - Eventyrreiser
 

PULKLØP I AMUNDSENS SKISPOR

(foto Bengt Egil Rotmo)

24-28. feb har du sjansen til å delta i et historisk pulkløp i Amundsens skispor over Hardangervidda. I samarbeid med Xtreme Endurance Eidfjord inviterer vi til en individuell konkurranse med ski og pulk fra Skinnarbu til Fet/Garen i Sysendalen, ca 100 km. Løpet er tøft og stiller store krav til deltakerne. For å kunne delta må du være godt trent, ha det utstyret som kreves og kunne klare deg på vinterfjellet over lengre tid. Pulken vil veie mellom 40-50 kilo.

ER DU KLAR FOR NESTE UTFORDRING? 
Me inviterer til historiens første pulkløp i Amundsens skispor over Hardangervidda!

Løpet startar frå Skinnarbu og endar opp på Feet/Garen i Sysendalen, det er ca 100 km langt. Dette er ruta som Amundsen gjekk i 1896 då han og broren ville kryssa vidda, som førebuing i si polforsking. Dei nådde aldri heilt fram til Garen, men snudde då dei var redde dei var på veg vidare nordover. Turen var nær på å kosta dei livet. Det dei rekna med skulle ta 3 dagar, brukte dei 8 dagar på, mest utan mat.

30 år seinare skreiv Roald Amundsen: ”Turen på Hardangervidda var fylt av likeså hårde påkjenninger og store farer som nogen av dem det senere har vært min lodd å møte i polaregnene”

Så dette vil verta eit tøft løp som stiller store krav til deltakarane. For å kunna delta her må du vera godt trent, ha det utstyret som krevst og kunna klara deg i vinterfjellet over lengre tid. Pulken vil vega mellom 40 og 50 kg. (Innhaldliste ved påmelding). Det er eit individuelt løp og ”unsupported”. 3 sjekkpunkt undervegs + ein obligatorisk kvile på 8 timar.

På Garen, der Roald Amundsen har sin karakteristiske profil i fjellet, ventar ein spent velkomstkomite på å ta imot heltane frå Vidda!

Vi bevegar oss innom ”villreinens rike” i Hardangervidda Nasjonalpark, og løypa kan verta forandra fra år til år for ikkje å uroa reinen. For 2010 har vi satt eit tak på antall deltakarar, så her er det førstemann til mølla…!

Arrangør er: Xtreme Endurance Eidfjord i samarbeid med Hvitserk & Eventyrreiser og Randi Skaug.

Påmeldingsavgift: 3000 kr

Påmelding og meir info: www.xtremeidfjord.no  
Spørsmål ang. trening og utstyr: info@hvitserk-eventyrreiser.no

Onsdag 24. februar på Skinnarbu Høgfjellshotell
Kl 14.00 -17.00 Registrering, sjekking av utstyr
Kl 18.00 Infomøte
Kl 19.00 Middag
Kl 20.00 Føredrag med Johan Vaa / Randi Skaug

Torsdag 25. februar
Kl 10.00 Fellesstart på Møsvann

Fredag 26. – søndag 28. februar på Feet i Sysendalen
Målgang, premiering, mat&drikke og liv og røre i forbindelse med ”Vøtra”festival på Feet i Sysendalen!